USA-amerikansk folkemusikk

Zydeco er ein amerikansk musikkstil som blandar blues, rhythm and blues og tradisjonane til kreolar og urfolk frå Louisiana. Her framført med vaskebrett og elektrisk gitar.

USA-amerikansk folkemusikk er eit musikalsk omgrep som omfattar fleire sjangrar, som tradisjonell musikk, tradisjonell folkemusikk, moderne folkemusikk eller roots-musikk. Roots-musikk er ein vid musikkategori som omfattar bluegrass, country, gospel, old time-musikk, jug band, appalachisk folkemusikk, blues, cajun og urfolksmusikk. Musikken vert rekna som USA-amerikansk fordi han anten har oppstått i USA eller har vorte utvikla her frå musikk frå utlandet. Det vert kalla roots-musikk (roots tyder «røter» på norsk) fordi musikken danna grunnlaget for musikk som seinare vart utvikla i USA, som rock and roll, rhythm and blues og jazz.

Amerikansk folkemusikk kan tidvis førast tilbake til tradisjonar frå Europa eller Afrika. Ein finn til dømes fleire opphavleg britiske balladar i repertoaret. Som regel endrar slike munnleg overførte stykke seg gradvis over generasjonar.[1]

  1. "Folk Music and Song", American Folklife Center, Library of Congress. Vitja 8. september 2020.

© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search